top of page

Ytre Arna skole

Vennskapsveke 2025

På YA ønsker vi at alle skal ha det trygt, ha gode vener og at fellesskapa våre er fri for mobbing. Dette har vært fokus i vennskapsveka, der vi har hatt besøk av Morten Lyngøy med team!

Morten Lyngøy bur i skulekretsen vår, og i tillegg til å være profesjonell driftar brukar han mykje av si tid på å jobbe for barn og unge sine oppvekstvilkår. Gjennom bilsporten sprer han gode verdiar og byggjer fellesskap gjennom konseptet sitt #109Sammen. I denne veka før haustferien fekk han setje spor på YA, både fysisk på skuleplassen med bilen sin, og i kvar og ein av oss etter gode samtalar i klasseromma. På tysdag var Morten på skulen heile dagen og deltok i Timen livet på dei ulike trinna. Her delte han sine opplevingar med mobbing, og elevane fekk reflektere saman om sine opplevingar eller tankar. 

På torsdag hadde vi vennskapsdag med oppløyst timeplan for alle. På formiddagen hadde vi stasjonar med leik og aktivitar. Ytre Arna Sanitetsforening kom til skulen og laga til deilige fruktbegre som alle elevar fekk til spisetida. Etter felles storefriminutt, samla heile skulen seg i gymsalen. Her snakka Morten litt om verdien av vennskap, før vi alle dansa Blime-dansen. Dagen blei avslutta med drifteshow på skuleplassen. Det blei ein fantastisk gøy oppleving for store og små! 

Skulen er takknemleg for eit veldig godt samarbeid med FAU, som ordna sponsing frå næringslivet i bygda for å få til  opplevinga med motorsport. Det var kjekt å sjå både foreldre og andre som tok turen til skuleplassen denne dagen. Vi på skulen opplever at vi står saman med foreldre og nærmiljø i YA om det viktigste vi har- ungane våre! Saman bygger vi trygge, gode oppveksstmiljø!

 

Skriv ut

Publisert: 03.10.2025 | Oppdatert: 03.10.2025

Tekst: Torunn Reistad Skurtveit

ree

 
 
 

Kommentarer


©2024 Lyngøy Motorsport

Org.nr. 932 823 454
Lyngøy Motorsport AS

Laget av Julia Jakobsen

  • LinkedIn
bottom of page