
Ungdom i full sving med Supra prosjektet!
- Morten Lyngøy
- for 4 timer siden
- 2 min lesing
Ungdommen er for alvor i full sving med 109 Sammen–Supraen, og det er rett og slett rått å sjå utviklinga som skjer for kvar einaste dag som går.
Det går stadig framover med bilen. Sakte, men sikkert byrjar vi no å nærme oss ferdig med sveising og tilpassing av platar til golvet og girkassetunnelen. Dette er arbeid som krev både tolmod, nøyaktigheit og forståing – og det er nettopp her desse ungdommane verkeleg får vist kva dei er gode for.
Og det stoppar ikkje der… 👀
Om ikkje så altfor lenge skal bilen over til det glade Austlandet, der neste steg ventar – bur skal på plass. Då byrjar ting verkeleg å ta form, og vi nærmar oss ein bil som ikkje berre ser rå ut, men som også er bygd skikkeleg frå botn av.
🔧 Læring i praksis – ekte motorsport
Dei siste dagane har vi også vore innom noko så “enkelt” som temperatursensorar – men som i realiteten er heilt avgjerande for ein velfungerande bil.
Ungdommen har fått lære:
Korleis sensorar fungerer
Kvifor dei er viktige
Korleis vi les og brukar data frå dei
Samtidig held vi på med å montere dei siste sensorane på hovudbilen vår – så her går teori og praksis hand i hand. Det er akkurat slik vi ønskjer å jobbe: ekte læring, på ekte utstyr, i ekte situasjonar.
💪 Arbeidsmoral som imponerar
Det som verkeleg stikk seg ut, det er ikkje berre det tekniske nivået – men innsatsen.
Desse gutane er ikkje gamle… men fy flate for ein arbeidsmoral.
Dei står på, spør spørsmål, lærer, prøvar – og gir seg ikkje før dei får det til.
Det er akkurat dette motorsport handlar om: Vilje. Presisjon. Samarbeid. Mestring.
❤️ Meir enn berre bil
For oss handlar ikkje dette berre om å bygge ein rå Supra.
Det handlar om å bygge folk.
Gjennom prosjekt som dette får ungdom:
Tru på seg sjølv
Praktiske ferdigheiter
Ein plass å høyre til
Og kanskje viktigast av alt – dei får kjenne på meistring.






















Kommentarer